Båtbørsens Internett utgave - Kjøp - Salg - Bytte - Utleie - annonser av brukte og nye båter- Maritimt diskusjonsspalte
Båtbørsen er et internett magasin for kjøp og salg av båter og annet maritimt utstyr. I dette magasinet finner du reportasjer,diskusjonsforum, Båtkroken og Seilloftet.

Nyhet

Effektivisering og kommersialisering av hamnene

 
12.06.2003
 
Div

« Tilbake

Auka bruk av sjøtransport er eit klart politisk mål. Eit viktig element for å stimulere til å nå dette målet er å sørgje for samanhengande transportkjeder der hamnene er effektive omlastingsstasjonar. Transportetatane foreslår å satse på Oslo sørhamn og Risavika i Sola kommune, som dei to viktigaste hamneterminalane for utanrikstrafikk. Næringslivet spør etter meir effektive hamner for omlasting av stykkgods og containertransport, men også for persontransport. Effektive tilbringarsystem er ein nøkkel i arbeidet med å auke bruken av sjøtransport. God sjøverts tilkomst til og frå hamnene er ein føresetnad. Samtidig må satsingshamnene bli meir effektive og rimeligare å bruke. - Hamnene er viktige knutepunkt i transportkjeda mellom sjø og land. Havnedrifta må skje på forretningsmessig grunnlag og bør opererast av kommersielle aktørar, seier kystdirektør Øyvind Stene. Transportetatane meiner at staten bør spille ei aktiv rolle i tilrettelegginga av nye effektive transportløysingar. For å minke den økonomiske risikoen ved nye transportløysingar bør staten medverke aktivt til utvikling av knutepunkthamner, saman med at det bør vurderast statlige støtteordningar. Meir effektive hamneterminalar vil vere samfunnsøkonomisk lønnsame og samtidig sørgje for meir miljøvennlig transport. Staten bør gje økonomisk støtte i tilrettelegginga av effektive hamner og samanhengande transportløysingar. Kilde: Kystverket

Sponset lenke

Din annonse her?
Her kan du annonsere
under disse sidene
Prøv idag
http://www.batborsen.no/rekl/

Dublin ( United States )

Clear

clear sky

20 'C

Wind : 2,68 NNW

Humidity : 64 %